Om meg

 Eg har i mange år fokusert på indre arbeid. Så lenge eg kan hugse  har eg  hatt ein stor interesse og nysgjerrigheit i mennesket sitt indre liv. Eg har utforska menneske, eksistensen og meg sjølv gjennom mange ulike kreative, terapeutiske og meditative kurs og retreats.  Eg har alltid kjent på ein svært sterk sensitivitet og forstod etterkvart at det var ein inngang til healingevner og klarsyn. Det å vere bevisst og leve ut desse evnene gjorde at eg kjende større harmoni og glede. Eg er utdanna Barnevernspedagog med fordjupning i Mindfulness-meditasjon. Eg har i mange år jobba med barn og foreldre i ulike livskriser. I 2016 byrja eg å tilby healing. I tillegg jobbar eg med  bilete og tekst, og har hatt fleire utstillingar  i Bergensområdet, Oslo og Sogn. Eg opplever at kunsten gjev støtte og inspirasjon til vår djupe væren, og at det skjer mykje healing i møte med det kreative. Mange gonger er det ufattlege lettare å formidle gjennom kunsten. Det rasjonelle kan begrense oss i å faktisk ta inn magien som livet verkeleg er.


Korleis gjere det slik at mjukheita får evig liv?
Heile mitt felt som berre er det, 
som eg ber som ei kvit og mjuk fjørdrakt.
Så godt det er å kjenna fjørdrakta si,
med sine lange mjuke og nette fjør-trådar.

Det er ei magisk drakt.
Subtilliteten sin storheit.
Den enorme styrke inn i det aller aller minste.
Eg elskar det aller minste.
Eg elskar det som er så lite at det nesten er ingenting.
Akkurat der, innimellom der, er evigheita.
Akkurat der er det punktet som gjer at livet er, at me kan leva og at me er levande.
Frå her spring alt ut.
                                                  M.Ljøsne


Om du ynskjer å sjå meir av bileta og tekstane mine kan du gå inn på heimesida www.maritljosne.com

Portrettfotoet av meg er teke av Siri Ansok.