Eg heiter Marit Ljøsne og held til i Bergen sentrum. Gjennom healing, samtale og klarsyn ynskjer eg å støtte menneske i å finne heim til den ein eigentleg er. Når det ekte i oss blir levd ut, vert me på vårt mest levande. Me er alle unike skapningar og har heilt særeigne kvalitetar og talent. Ofte skapar det sorg og frustrasjon å ikkje leve ut den ein er på djupet. Eg er overbevist om at det er med stor meining at me er lagd akkurat som me er og at våre særeignheitar er viktige for både oss sjølve og samfunnet. Mange av oss slit med å anerkjenne og å bli glad i oss sjølve akkurat slik som me er. Me har lett for å samanlikne oss med kvarandre, men eigentleg gjev det lite meining då ingen liv kan samanliknast. Kvart liv er unikt og skal levast på unikt vis.  Ofte er det vanskeleg å få tak i kva ein eigentleg saknar og sit inne med, det er mykje ytre støy, meiningar og distraksjon. Ein kan ha manglande tillit til si indre navigering og intuisjon, og  ein opplever å vere på sida av seg sjølv. Å anerkjenne kjensler og sårbarhet er ofte viktig i prosessen for å finne heim til seg sjølv.


HEALING

Healing er ein heilheiteleg måte å møte menneske på. Alle mennesker er som dei er med ein god grunn. Det er grunnleggande med aksept og det å anerkjenne det unike og særegne ein er. Gjennom tilstedeværelse og klarsyn jobbar eg med og styrkar energiflyten din fysisk, psykisk og spirituelt. Ein time er ofte både samtale der du deler det som er aktuelt for deg og at du ligg på ein behageleg benk og slapper av mens eg gjer energiarbeide  (60-70 min). 


READING

Når eg gjer reading nyttar eg klarsyn og leser energifeltet ditt. Det som til dømes kan bli vist er opplevingar som sit i systemet ditt, kjensler som treng å bli sett og potensielle kvalitetar du har. Gjennom klarsynet skjer det også healing. Det som vert sett og anerkjent får støtte til å frigjerast. Eg gjer ei lesning før me møtest. Etterpå kan du enten komme hit eller så snakkar me på tlf (40-45 min).



Eg held til i Vestre Murallmenningen 5 i Bergen sentrum.

Healing: 850 kr
Reading: 850 kr

Tlf 97519996
maritljosne@gmail.com

Du er hjarteleg velkommen til å ta kontakt